I 1991 mottok Ingvald Jåma kongens fortjenestemedalje. De to kjente hverandre siden de delte rom under førstegangstjenesten. (FOTO: JUNGE, HEIKO / SCANPIX SERVICE)

Til minne om Ingvald Jåma

I Januar døde reinsamen og kulturformidleren, Ingvald Jåma fra Verran, 80 år gammel. Han kjente folk over hele Trøndelag, og ble satt stor pris på av svært mange. Ingvald var en mann som for stille omkring med sin kunnskap som han formidlet til folk. Han mottok Kongens fortjenestemedalje for kulturelt arbeid og formidling av sørsamisk kultur. Roar Børø har skrevet ord til minne om kulturkjempen.

Ingvald Jåma døydde den 4 januar I heimen sin i Selagrenda på Fosen. Han vart 80 år gammel.

Ingvald vart født i ei gamme på Høylandet den 4 mai 1935. Foreldra var Emilie og Peder Jåma.

Familien kom til Fosen på slutten av førtitalet, der dei tok over beitelandet til sørsamiske slektninger Maria og Johan Bendiksen som bodde i Sørdalen i Åfjord. Familien bosette seg i Selagrenda i Verran, der fleire av familien bor no.

Ingvald sitt liv vart i reindrifta på Fosen heilt fram til han døydde. No er det sonane hans Leif og John som driv vidare i i hans driftseining.

Som ung vart Ingvald med på å utvikle reindrift på Vest Grønland, der han var i tre år. Historiane derifrå var mange og spennande. Fortalt på hans vis. Full av humor og poeng. Ingvald var ein historieforteljar av rang. Hans formidlingsevne var stor. Som bærar av ein muntlig forteljartradisjon som han holdt i hevd heile sitt liv.

Han visste å få fram poenga, det som var ekstraordinært i det han opplevde. Ingvald var ingen historikar, men ein stor historieforteljar.

Som formidler av sørsamisk kulturhistorie i mange tiår fekk han i 2011 Kongens fortjenestemedalje. Han møtte på slottet der han og Kong Harald fekk ein fin prat. Det viste seg at Ingvald og Kongen hadde sove på same rom på militærøving i ungdommen. Dei kjente kvarandre frå den gong.

På Grønland møtte Ingvald Sara som var av inuitslekt. Ho vart mor til dei to gutane hans. Det kom mange barnebarn, som heldt svært av Ingvald. Han hadde eit grep på ungar med sin formidlingsevne som er sjeldan. Og han leika med ungane som få vaksne gjer!

Han hadde også gode kunnskaper om planter og virkningen av dei. Både som medisin og næring for folk. Og holdt kurs for andre om dette. Dessutan var han ein gammebyggar som satte opp mange gammer både i eiget område og rundt om i det sørsamiske området i Trøndelag og Nordland. Til glede for fjellvandrara som tar inn i fjellet i det sørsamiske landet.

Han hadde også mangeårig kontakt med Fosen folkehøgskole der han underviste ungdom i fjelliv og det samiske livet på Fosen.

Sjølv møtte eg Ingvald for meir enn førti år sidan og vart kjent med han.Vi var til fjells saman, han besøkte oss i Stjørna når han var i området med reinflokken sin. Og vi sloss saman mot det planlagte skyte og øvingsfeltet på Nord –Fosen som forsvaret ønska på syttitalet. Og som aldri vart noko av.

Eg vart kjent med ein heilstøypt person eg hadde glede av å kjenne i storparten av vaksenlivet mitt. Ingvald døydde hastig midt i livet sitt. Sjølv om han etterkvart drog på åra. Han var i gang med nye kulturelle prosjekt da han gjekk bort i heimen sin i Gotvasslia.

Takk Ingvald, for at eg og mange andre fekk lære deg å kjenne.

Roar Børø, Råkvåg 

Ingvald Jåma hadde mye kunnskap om nyttevekster i naturen. Her kan du se et klipp på NRK der han lærer bort om medisiner og mat. 

Kommentarer

Kommentarer